Stipend prosjektet/ støtte til utdanning
Ved eit besøk på skulen i 2013 kom vi til at her ville verte eit problem med å skaffe kompetente lærarkrefter i takt med skulen sin vekst.
Det vart då vedteke å starte eit utdanningsprosjekt. Ein søkte etter ungdomar i nærmiljøet som hadde fullført vidaregåande skule som ville verte tilsette som traineear og få betalt for lærarutdanninga. Forutsettninga var då at dei forplikta seg til å undervise ved skulen, etter ferdig utdanning i like mange år som dei får studiestøtte. Med den positive respons vi hadde fått heime i Norge på tidigare prosjekt var vi frå Volda Rotaryklubb ikkje redde for å ta på oss ansvaret for finansieringa av dette prosjktet. Sjølvsagt med eit forbehold om godkjenning heime. Styret Volda Rotaryklubb godkjende dette dersom vi også denne gongen fekk med fleire klubbar. Det fekk vi og dermed var vi igang. To av våre samarbeidande klubbar, Stryn og Giske tok heile utdanningsløpet for kvar sin lærarstudent, ein god start.
Volda Rotaryklubb søkte så Distrikt Grant og fekk det invilga. Samarbeidande klubbar denne gangen var: Molde RK, Giske RK, Stryn RK, Stranda RK, Sykkylvn RK og TRF. I tillegg til dette har vi fått støtte frå Kavlifondet og NORFO sitt Ungdoms og utviklingsfond.
Dett har medført at vi har utdanna 10 lærarar og 3 av dei vil neste år fullføre univesitetsutdanning.
På The David Shool si heime side ligg det ein del videoar med grunnleggaren David Wallwork og nokre av lærarane vi har utdanna.
Ibrahim Dumboya
Ishmael Conteh
Marian Wartman
Aminata Fullah
Abdulai Bangura
Alhassan Bangura
Ezra M-bangura
Foday-S-Kanu
Morlai-M-Korroma
Francis-M-Sankoh